Kvart år når vi har bryllaupsdag, skal ein av oss overraske den andre med ein blåtur. I år var det Kristine sin tur til å ta meg med til ein spanande plass. Turen starta tidleg om morgonen fredag den 20. september. Vi skulle ta fly frå Hovden (Ørsta) til Bergen via Sogndal, og så ein plass i utlandet. I det vi køyrde til flyplassen i gryotta, såg vi så vidt gjennom mørket at skodda låg svært lågt i fjella. Eg spøka med at vi kanskje ikkje fekk ta av på grunn av dårleg sikt. Men vi fekk ta av til avtalt tid, og kom kjapt gjennom skoddelaget som låg frå ca null til hundre meter. Over var det skyfri himmel og fantastisk haustvêr. Vi landa i Sogndal og heldt fram til Bergen etter eit kort opphald. I det vi skulle byrje innflyginga til Bergen, starta problema. Kapteinen kunne informere om at Flesland var stengt for landing og avgang grunna tjukk skodde. Vi kunne sirkle ei stund til ho kanskje letta. Etter ni-ti runder over Osterøy, måtte kapteinen informere om at skodda ikkje hadde flytta på seg i det heile, så vi måtte returnere til Sogndal. Skodda låg lågt over heile Vestlandet, frå Sunnmøre til Stavanger. Kva no? Flyplassen i Sogndal ligg nesten 500 meter over havet, så det var strålande sol og ingen problem med å lande der. Då vi landa, var gode råd dyre. Flyet vidare til Brussel, som eg fekk vite at vi skulle til, gjekk vi glipp av. På flyplassen kunne dei ikkje gjere anna enn å sende oss på buss for fly til Bergen, ein tur som tek meir enn fire timar. Dermed gjekk vi også akkurat glipp av neste og siste fly til Brussel den dagen. Undervegs gjennom skoddeheimen på Vestlandet var gode råd dyre. Eg prøvde å oppmuntre Kristine med at vi kunne ta ei utepils på Bryggen i Bergen og kose oss der i helga, men det var ikkje akkurat DET ho hadde planlagt... Nye flybillettar neste dag kosta nesten 7000 kroner for to, så det var berre å gløyme. Heldigvis har Widerøe ein svært oppegåande tilsett på kundesenteret. Torbjørn Krøvel hos Widerøe i Ørsta har rykte for å vere hjelpsam i vanskelege situasjonar. Eg tok kontakt, og då han fekk høyre om vår triste situasjon, ordna han opp med ein gong. Han lurte på om Amsterdam kunne vere eit alternativ? Altså, vi hadde jo booka både hotell og fly heim frå Brussel, men kanskje det... Nei, nei, planen var å booke oss til Amsterdam via Stockholm - og så kunne vi ta tog vidare til Brussel, som ligg berre nokre timar unna! Sentral-europa er verkeleg sentralt, og vi hadde ikkje tenkt at noko slikt gjekk an. Vi slo umiddelbart til på den nye reiseruta, og mindre enn eit minutt etter tikka ein SMS inn med nybooka flyrute. Kristine gjekk rett frå deprimert til glad. No kunne vi reise dit ho hadde planlagt likevel! Ein stor takk til Widerøe sitt kundesenter ved Torbjørn Krøvel, som berga heile turen vår. Då vi kom til BGO, kjøpte vi lounge-tilgang der vi slappa av og feira med nokre glas godsaker etter den lange bussturen. Så gjekk flyet til Stockholm og vidare til Amsterdam. Vi landa i 22-tida. Det gjekk ikkje tog til Brussel så seint, men det gjekk ein buss halvanna time etter. Etter å ha klart å kjøpe bussbillettar på nett og finne rette haldeplassen (som var "Schiphol airport" - åja! Der ja!), kom vi oss om bord i ein nattbuss som køyre to slitne turistar til kjerna av EU. Eg synest synd på dei andre stakarane om bord som skulle vidare heilt til Paris i bussen med dei trange seta. I 03-tida var vi framme, og tok første pirattaxi til hotellet ved Central Place utan å prute. Vi stupte i seng klokka 03.30, heile 22,5 timar etter vi sto opp av senga heime i Volda - godt slitne, men svært nøgde med at vi kom oss dit i staden for til Bergen! Neste morgon vakna vi utkvilde og klare for å utforske ein ny by i eit nytt land. Kristine hadde gjort ein god jobb og funne eit hotell som låg så sentralt som det går an, like ved rådhusplassen. Belgia og Brussel er eit land vi visste lite om, anna enn at dei er flinke til å bryggje øl, steikje vafler, lage sjokolade og teikne teikneseriar (Tintin, Smurfane og Lucky Luke). Og så har dei ei ganske rik kolonihistorie, kor positivt det no er... Uansett; bykjernen ber preg av flott arkitektur, trange brusteingater og enormt mange butikkar som sel øl og sjokolade. Dette var jo eigentleg midt i blinken for oss. Vi brukte dagen på å gå rundt og utforske dei mange sidegatene, butikkane, barane og turistattraksjonane (Manneken Pis). Vêret var upåklageleg, med ca 25 grader og solskin medan det var 10 grader heime. Vi fann ein triveleg kjellar-restaurant der vi reserverte bord til neste dag, og så berre kosa vi oss i sentrum til seint på kveld. Eg er glad eg har funne ei kone som er like glad i å reise som meg. Då har eg alltid godt selskap uansett kvar eg er i verda. Søndagen brukte vi på sightseeing. Vi hadde tenkt å ta ein hop on-hop off-buss, men miljøvernarane hadde klart å trumfe gjennom ein bilfri dag i Brussel akkurat denne dagen, så då var det ikkje mogleg. I staden var alle gater og vegar fulle av syklistar som vingla i alle retningar. Vi tok beina fatt og gjekk inn til EU-parlamentet. Det var stengt sidan det var søndag, men vi fekk sjå byråkratiets ground zero frå utsida. Ein kan seie mykje om EU, men dei er i alle fall glade i å diskutere ting opp og ned i mente. Høyr berre her: Sidan 2019 har ein EU-komité diskutert om Europa skal gå vekk frå å stille klokkene til sommartid og vintertid. Det var eit opphald i diskusjonane under koronatida, men den dag i dag diskuterer dei framleis om dei skal vedta at folk ikkje skal stille klokkene sine. Vits: Kor mange EU-byråkratar må til for å ikkje stille ei klokke? (Eg har ikkje svaret. Røynda er dessverre verre enn vitsen.) Uansett: Drosjene hadde heldigvis dispensasjon til å køyre, så vi kom oss vidare til eit kjent monument utanfor byen: Atomium. Eit svært monument som var bygd til verdsutstillinga i 1958 (Kvifor bygg ein ikkje slike monument til verdsutstillingar lenger?). Køa var lenger enn lang for å gå opp, så vi gjekk i staden til den andre attraksjonen på staden: Mini-Europa like ved! Mini-Europa er omtrent som Lilleputthammer i Noreg, berre med EU-land i staden. Noreg er ute av det gode selskap, så vi fekk berre sjå kopiar av kjende bygg i Danmark, Sverige og Finland - og resten av EU-sona. Det var artig å gå rundt mellom dei kjende byggverka i miniatyr. Særleg då vi kom til Storbritannia, som har teke ein Brexit. Der var det teikna opp tollgrense på asfalten og skilt som gjorde eit stort nummer ut av at dei ikkje lenger var medlemmer. På veg heim klikka drosjesjåføren i vinkel over nokre syklistar som insisterte på å blokkere vegen framfor han, sidan der var bilfri dag. Etterpå kvilde vi litt og tok turen til den førehandsbooka restauranten i kjellaren.
Der vanka det både god mat og drikke, og vi hamna ved sida av eit bord med to eldre, amerikanske damer på europaturné. Ein kan seie mykje om amerikanarar, men dei er jævleg gode til å kome i kontakt med folk, så vi prata om laust og fast. Så tok vi ei siste pub-til-pub-runde i Brussel før vi returnerte til hotellet, godt nøgde med årets blåtur. På veg heim, sa flykapteinen då vi mellomlanda i Sogndal, at vi kanskje ikkje kunne lande i Hovden på grunn av skodde. Heldigvis slapp vi med skrekken den gongen. Det skulle teke seg ut om vi måtte ta buss for fly heim også. No vert neste tur Hamburg i oktober. Over og ut!
0 Comments
Ni tusen hovudskallar stirrar ned på oss. Born og vaksne, kvinner og menn. Nokre har små hol i skallen frå ei skarp syl, andre har store hol frå ein hammar eller ei slegge. Felles for dei alle er at dei var mistenkt for å vere motstandarar av Raude Khmer sitt skrekkregime, eller det kunne vere noko så banalt som at dei hadde utdanning eller brukte briller. Kambodsja er eit land med smilande og positive menneske, men for berre eit par generasjonar sidan vart nær to millionar av innbyggjarane rett og slett slakta av Pol Pot og hans lakeiar. Åra 1975 til 1979 er dei mørkaste i landet si historie. Noko som er heilt obligatorisk når ein er i Kambodsja, er eit besøk til dødsmarkane og til torturfengselet Toul Sleng, også kalla S-21. Dette var ein barneskule i Phnom Penh som Raude Khmer annekterte og bygde om. Klasseroma vart til avhøyrsom eller tettpakka med små fengselsceller. Hit vart alle som Raude Khmer mistenkte ikkje var lojale til regimet frakta. Under tortur måtte dei tilstå at dei jobba for CIA eller det som verre var. Ikkje før dei hade skrive under på tilståinga, slapp dei ut av fengselet. Det spelte inga rolle om det dei sa var sant eller ikkje, berre dei tilsto noko. Å skrive under på tilståinga var å skrive under på sin eigen dødsdom. Frå fengselet gjekk vegen rett til dødsmarkane utanfor byen. På ein gamal kinesisk gravplass vart det laga store massegraver, der opp mot 300 personar vart avretta frå morgon til kveld, kvar dag. Medan kommunistiske propagandasongar gjalla frå høgtalarane i trea, fekk dei etter tur ein hammar i hovudet. Kuler var for dyre til å brukast på slikt. Verst av alt er treet der små born vart avretta. Bødlane slengde dei rett og slett i trestammen og kasta dei vidare ned i massegrava ved sida av. Raude Khmer kunne ikkje risikere at borna vaks opp og ville hemne foreldra sine. «To stop the weeds, you must also pull up their roots», som dei forklarte det med. Det er fryktelege forteljingar, og ei viktig påminning om kor aldeles gale det kan gå når diktatorar får fritt spelerom. Pol Pot var like omsynslaus som Hitler, men medan Hitler kjempa utover på alle frontar, vende Pol Pot seg innover og isolerte sitt eige land frå omverda. Landet skulle reformerast. Årsrekninga skulle setjast til år null og økonomien skulle baserast på risdyrking. Pol Pot sin visjon var å tredoble produksjonen. For å få til dette, skulle alle jobbe med jordbruk. Dei som hadde akademiske yrke var verdilause om dei no ikkje kunne slite på rismarkane heile dagen. Ein treng ikkje mykje innsikt i samfunnsstyring og økonomi for å forstå at denne planen hadde eit par manglar. Systemet vart dødsdømt frå starten av, og Raude Khmer vart med åra svekka. På tampen av 1978 greip Vietnam inn og gjekk til fullskala invasjon av Kambodsja for å ende terroregimet som til då hadde kravd nær ein kvart del av landets befolkning. Det er nesten ikkje til å tru at alt dette skjedde i «moderne tid», berre tretti år etter verda hadde nedkjempa nazistane. Ein kan aldri vere trygg på at mørke krefter ikkje får overtaket på eit samfunn igjen. PS! Her er ei kort oppsummering av historia, som ein bør setje av ti minutt til: Det første ein merkar når ein kjem ut av flyet i Kambodsja, er den intense varmen og lukta av bål. Det luktar Afrika, seier Kristine.
Landet er røft. Jorda er raud og tørr. Alt er dekt av eit tynt lag med støv. Folk smiler og helser, men få masar. Få land har ei meir dramatisk og blodig etterkrigshistorie enn kambodsjanarane, men dei er positive og utviklinga går stadig framover. I fjor haust opna den splitter nye internasjonale flyplassen i Siem Reap, ein time utanfor sentrum. Den er i hovudsak sponsa av kinesarane, til liks med den nye motorvegen inn til sentrum. Kinesarane er ivrige med å sponse infrastruktur i utviklingsland… Hotellet vi bur på ligg midt i sentrum, men er bygd som ein hestesko rundt eit basseng. Så det er ein liten oase i byen. Temperaturen ligg på kring 25 grader om natta og 37-38 grader på dagtid, så det er heitt nok her. Basseng og aircondition er heilt naudsynt for å halde ut. Servicen er, som vi ofte opplever i Kambodsja, i ein klasse for seg. Kvar gong vi kjem ned til resepsjonen eller inn att etter ha vore ute ein tur, strøymer dei tilsette til med drikkevatn og våte handklutar. Dei bukkar og neier heile tida, og bed om orsaking for alt som potensielt kan vere gale eller kan gå gale ein gong i framtida. For oss som ikkje er van med slik oppvartning, er det nesten litt brysamt med all merksemda. Kvar kveld spør dei oss kva vi vil ha til frukost neste morgon, og om vi vil ha den servert på romet. Klokka 10 neste dag bankar dei på døra og dekkjer på fukostbord ute på altanen. Etter ein dukkert ved bassenget, kjem vi tilbake til strøkent rom. Hotellet ligg rett ved «pub street», der det meste av uteliv er samla. Ein av favoritthobbyane våre er å finne ein bar og sitte og sjå på folkelivet. Det er betre underhaldning enn TV å sjå på turistar, lokalbefolkning, seljarar, tuktuk-sjåførar og prostituerte som trakterer gatene. Sjølv om det er mykje moro, ser vi også skuggesidene. Når borna er gamle nok til å gå, er dei gamle nok til å gå på gata rundt midnatt og selje juggel til turistar eller samle søppel. Kristine, som jobbar i barnevernet, får vondt i hjartet av å sjå dette. Det er også mange kvite pensjonistar som har usedvanleg godt draget på 20-30 år gamle damer her. Litt kultur har vi også fått med oss den siste veka. Dei store Angkor-templa har vi besøkt før, så no fann vi på andre ting. Ein kveld var vi på tradisjonelt danseshow med middag. Så var vi i ein park for pensjonerte arbeidselefantar. Den eine var for gamal til å jobbe, medan den andre hadde knekt foten då ho arbeidde med tømmer i skogen. Begge to vart kjøpt fri og plassert i ein park der dei får ete så mykje dei vil og bade heile dagen. Elefantar brukar nesten heile si vakne tid på å ete, så det går med om lag 150 kg frukt og grønt til kvart dyr kvar dag. For å finansiere dette, let dei turistar kome og sjå på og mate elefantane. Det er sjølvsagt diskusjonar om det er hundre prosent etisk å la menneske ta på dyra, men i forhold til så godt som alle andre altenativ desse pensjonistane kunne hatt, må det vere akseptabelt. Vi har også vore hos ein organisasjon som trenar afrikanske hamsterrotter til å snuse etter TNT som landminer er fylt av. Sidan Kambodsja er eit av verdas mest minelagte land, ligg det enorme mengder att å finne i jorda. Dei tolv rottene som organisasjonen har trent, jobbar mange gongar raskare enn ein metalldetektor. Rottene er for lette til å løyse ut minene, så dei markerer berre kvar dei ligg, så kjem det ei bombegruppe og sprengjer dei. Ein av dei mest interessante tinga vi har gjort, er å ta ein tuk-tuk-tur med ein kreativ sjåfør som kallar seg «Cowboy». Han har pimpa farkosten sin med stereoanlegg, diskolys og kjøleboks og gjort det til levebrød å køyre folk på uformell safari utanfor byen. Då får vi sjå korleis kvardagslivet er på bygda. Dagen vi passerte, var mange opptekne med hausting av ris. Ved hjelp av ein liten skurtreskar, fylte dei sekkevis av ris på kort tid. Ei stor oppgradering i forhold til det manuelle arbeidet dette vanlegvis er, t.d. i risterrassane i Vietnam. Den industrielle revolusjonen er ikkje ein sjølvfølgje alle plassar. Cowboyen kunne fjortelje at dei haustar ris tre gongar årleg, med tre månadars mellomrom. Ein tremånadersperiode i regntida står derimot rismarkane under vatn, så då kan dei køyre båt i staden for bil i heile distriktet. Dette er tredje gongen eg har vore i Kambodsja, som er eitt av mine favorittland. Jamt over er folk smilande og lite masete, livet går litt rolegare her enn i Thailand og det er få plassar ein får meir for pengane. Sjølv om dollarkursen er historisk dårleg for vår del, strekkjer krona seg framleis ganske langt her i austen. I morgon tidleg skal vi vidare til hovudstaden Phnom Penh, ein seks timars busstur. Der vert vi om lag ei veke før vi reiser tilbake til Thailand og Chiang Mai i nord. Fullmånefesten på Ko Phangan er kjent for å vere ein av verdas største festar. Kvar gong det er fullmåne, samlar fleire titals tusen festløver seg på stranda Haad Rin sør på øya.
I dagane før byrjar det fylle seg opp med folk, og på sjøve dagen kjem det båtlast på båtlast med folk frå fastlandet og Ko Samui for å vere med på galskapen. Kort sagt går festen ut på å feste på den store, flate stranda frå ettermiddagen til neste morgon. Heile området er fullt av små kioskar som sel bøtter med sprit (buckets), mariuana og hurtigmat. Sjølv har vi vorte litt for gamle til å vere med på moroa, men vi fann oss ein altan og observerte folkehavet. Det er ei oppleving å sjå på. Fornuftige som vi er, gjekk vi og la oss før klokka var 01, så overgangen til å verte pensjonistar vert lite merkbar. Vi budde i ein bungalow heilt i enden av stranda, og høyrde at den siste nattklubben stengde stereoen klokka 07.30 om morgonen. Dagen derpå arbeidde dei lokale thaiane heile dagen med å rydde stranda og pakke saman salsbodane etter gårsdagens moro. Så var kvardagen tilbake - heilt til neste fullmåne. Elles har dagane gått med til å bade i sjøen og lese bøker på altanen. Haad Rin-stranda er ikkje populær utan grunn. Ho er svært flat og brei, og sjøen er heilt klar og fin. Turkis vatn, kvit strand og blå himmel er ei fin utsikt. Vatnet held også komfortable 28-29 grader. Siste kvelden var det thai-boksekamp på den lokale stadionen. Det er ein sport som er artig å sjå på sjølv om ein ikkje er sportsinteressert. Her er det lov å bruke både kne og albogar, og sparke motstandaren rett i fjeset. Ikkje heilt ulikt Ørsta sentrum klokka 02 natt til søndag. No sit vi på flyplassen på Ko Samui og skal ta fly til Bangkok. Der vert vi ei natt, før vi i morgon tek fly til Siem Reap i Kambodsja. Vi er framleis på øya Ko Phangan, på austsida av Thailand. Dagane går med til å slange seg på stranda, lese bøker og nyte livet. Det er svært varmt, om lag 27-29 grader kvar dag, men heldigvis går det an å kjøle seg i sjøen med jamne mellomrom!
Første veka budde vi på ein bungalow på ein fin resort ved strandkanten. På slike resortar har dei alt ein treng, og dei prøver å få gjestane til å vere der mest mogleg. Alt ein kjøper kan ein sette på rommet, men det er berre å ta seg ein tur ut om ein vil ha variasjon. Ein dag gjekk vi til Thong Sala, som er «hovudstaden» på øya. Det er like underhaldande som TV å sitte på ein gaterbar og sjå på folkelivet. Her gjer folk som dei vil, på godt og vondt. Særleg er det mykje fyllekøyring her. På veg heim såg vi ei dame som låg livlaus på vegen med ein velta skuter ved sida av. Anar ikkje korleis det gjekk, men det kom i alle fall ein ambulansebåt frå naboøya Ko Samui i full fart. Helikopter har dei ikkje her. Elles er det mykje hippiar her. Både dei som ser ut som dei stranda her ein gong på nittitalet, og unge som sit og mediterar og prøver å finne seg sjølv og den perfekte stranda. Dei sel marijuana absolutt over alt, og vi har sett meir tatoveringar på to veker her enn på to år heime. I går sjekka vi ut frå resorten og flytta oss til nordsida av øya, til ei strand som heiter Bottle Beach. Stranda er berre nokre hundre meter lang og ligg klemt mellom klipper på kvar flanke. Eg var her for tjue år sidan, og ikkje mykje har endra seg sidan den gong. Vegen hit er framleis berre framkomeleg med pickup eller ATV og straumen kjem framle frå eit dieselaggregat som går døgnet rundt. Det er heller ikkje mobildekning her, men dei har ustabil wifi i baren. Dessverre har dei visst ikkje oppgradert eller halde bungalowane så mykje ved like dei siste tjue åra, så det står litt til forfall. På rommet er alt litt på «halv tolv», med berre ei skranglete vifte på veggen som held oss litt avkjølt om natta. Men det er litt av sjarmen med å bu her. Det er primitivt og heilt i strandkanten. Så må ein berre rekne med kakerlakkar og lause straumleidningar. I det minste er straumen på heile tida no, i motsetnad til i 2004, då han forsvann klokka 22 om kvelden. I dag var vi på “fjelltur” til eit utkikspunkt eit par hundre meter over stranda. Turen gjekk gjennom jungelen, og det var heitt som berre det. Vi sveitta sikkert ein liter kvar. Men då vi kom opp, var utsikta fenomenal. Knausen var bratt på begge sider, så der var det om å gjere å ikkje snuble. På veg ned kom det ei skikkeleg regnbye, så vi var heilt søkkvåte då vi kom ned. Men det var berre greitt å få kjølt seg ned i tropevarmen. Snakkast! Det er kjekt å vere i Bangkok, men ei veke er meir enn nok. Byen er ein smeltedigel av folk. Lokale og utlendingar (farangs), fattige og rike. Det bur om lag dobbelt så mange i Bangkok som i Noreg, og ein stor del av dei er utandørs heile tida. Så det er ganske hektisk i gatene. Det er lydar og lukter, roping, bilar og skuterar over alt. Topp det med 35 varmegrader, gloheit asfalt og ingen vind, så vert det slitsamt for ein kald nordbuar. Vi budde som vanleg på Khao San Road, den gamle, ruskete backpacker-gata. Dessverre har ho endra seg mykje sidan glansdagane for 20-30 år sidan. Då det var folketomt under pandmien, vart det lagt nye fliser på gata. Då mista ho mykje av sjarmen. I fjor haust vart det gjort vedtak om at alle dei overhengande reklameskilta måtte fjernast. Mange av dei har hengt der sidan 1990-talet, og var ikoniske for gata. No mista ho sjela si også. I dag er det stort sett nattklubbar som kjempar om å overdøyve kvarandre. Samstundes har Thailand gått frå totalforbod til frislepp av marijuana. Dermed er det truleg like høg omsetnad av weed som øl. Vi har vel vorte for gamle til å bu der. Uansett ligg Rambuttri Road rett ved sida av Khao San Road, og der er det mykje rolegare. Der kan ein gjere alt det samme som på Khao San, men det er meir chill, med gatemusikantar, store lauvtre over vegen og ingen ekstremt høg teknomusikk. Helsing mann (40). Neste gong vi skal innom Bangkok, skal vi bu i eit rolegare strøk ved elva. Uansett, vi har ikkje berre vore på takterrassen og sleika sol ved bassengkanten den siste veka. Vi har også vore på tempeltur til The Golden Mount, som er eit lite tempel på ein fjellknaus midt i byen. Dessverre var sjølve kuppelen under oppussing og kledd i stillas då vi var der, men det var ein fin tur opp. Kristine fekk slå på ein kjempestor gong og var nøgd med dagen. Elles var det som vanleg enormt mykje gullforgylt bling og buddha-figurar over alt. Ein kveld for vi på thai-boksekamp, som er noko som er noko er har hatt lyst å gjere lenge. Det er ein svært brutal kampsport, der armar og bein, kne og albogar er strategiske våpen. Det var fleire utlendingar med, så det er berre å prøve seg mot thaiane – om ein torer. Så har vi vore på toppen av Thailands (nest) høgaste bygning, som er 314 meter høg. Til liks med One World Trade Center, har dei gjort det til ein stor turistattraksjon – med rakettheis til toppen. Vi var ikkje dei einaste som ville sjå utsikta, så det var heilt kaotisk på rooftop loungen. Det var berre å stille seg i kø for å ta bilete ut over byen. Å gå på glasgolvet tre hundre meter over bakken, orka vi ikkje stå i kø for. No har vi fått nok av klamt byliv for ei stund. Så i går tok vi fly til Surat Thani og vidare buss og båt ut til Ko Phangan, ei lita palmeøy på austkysten av Thailand. Her skal vi vere i tre veker, på tre ulike plassar, før vi reiser nordover att. Natteliv in BangkokDaglegliv i BangkokThr Golden MountThaiboksingBangkoks (nest) høgaste skyskrapar, og ein tilEndeleg er vi framme i orienten. Det var berre så vidt det gjekk. Måndag morgon fekk eg telefon med spørsmål om eg hadde sjekka vêrvarselet over Strynefjellet. Onsdagen, når vi skulle ta nattbuss frå Volda til Oslo, var det meldt opp i 30 m/s og snøfokk. Så då var det berre å booke om billetten til tysdag kveld snarast råd.
Godt var det at vi gjorde det, for onsdag ettermiddag stengde Strynefjellet. Etter ei overnatting hos tante Brit i Oslo, sjekka vi inn på Gardermoen med det nye flyselskapet Norse. Dei har starta direkterute mellom Oslo og Bangkok, så vi slapp å mellomlande. Flyturen gjekk som han skulle, så etter tolv timar landa vi i Thailand. Sidan det var tidleg på morgonen, var vi framme ved hotellet allereie klokka 09, men det gjekk ikkje å sjekke inn før klokka 14… Så då måtte vi stuptrøytte slå ihel fem timar i 30+ grader, i full klesdrakt frå Noreg. Det var litt av ei prøve. Når vi fekk kome inn på hotellromet, sov vi til klokka 19. Så sovna vi igjen og vakna klokka 03 om natta. Så døgnrytma er no ein plass mellom Thailand og Noreg. Etter ein betre frukost og ein dukkert i bassenget, er vi no meir opplagt for å utforske byen. Vi vert her ei veke før vi reiser sørover til Ko Phangan. Der vert vi i tre veker før vi reiser til Kambosja.
|