Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

Dødeleg alvor

14/3/2024

0 Comments

 
Picture
Ni tusen hovudskallar stirrar ned på oss. Born og vaksne, kvinner og menn. Nokre har små hol i skallen frå ei skarp syl, andre har store hol frå ein hammar eller ei slegge.

Felles for dei alle er at dei var mistenkt for å vere motstandarar av Raude Khmer sitt skrekkregime, eller det kunne vere noko så banalt som at dei hadde utdanning eller brukte briller.

Kambodsja er eit land med smilande og positive menneske, men for berre eit par generasjonar sidan vart nær to millionar av innbyggjarane rett og slett slakta av Pol Pot og hans lakeiar. Åra 1975 til 1979 er dei mørkaste i landet si historie.

Noko som er heilt obligatorisk når ein er i Kambodsja, er eit besøk til dødsmarkane og til torturfengselet Toul Sleng, også kalla S-21. Dette var ein barneskule i Phnom Penh som Raude Khmer annekterte og bygde om. Klasseroma vart til avhøyrsom eller tettpakka med små fengselsceller.

Hit vart alle som Raude Khmer mistenkte ikkje var lojale til regimet frakta. Under tortur måtte dei tilstå at dei jobba for CIA eller det som verre var. Ikkje før dei hade skrive under på tilståinga, slapp dei ut av fengselet. Det spelte inga rolle om det dei sa var sant eller ikkje, berre dei tilsto noko.

Å skrive under på tilståinga var å skrive under på sin eigen dødsdom. Frå fengselet gjekk vegen rett til dødsmarkane utanfor byen. På ein gamal kinesisk gravplass vart det laga store massegraver, der opp mot 300 personar vart avretta frå morgon til kveld, kvar dag. Medan kommunistiske propagandasongar gjalla frå høgtalarane i trea, fekk dei etter tur ein hammar i hovudet. Kuler var for dyre til å brukast på slikt.

Verst av alt er treet der små born vart avretta. Bødlane slengde dei rett og slett i trestammen og kasta dei vidare ned i massegrava ved sida av. Raude Khmer kunne ikkje risikere at borna vaks opp og ville hemne foreldra sine.

«To stop the weeds, you must also pull up their roots», som dei forklarte det med.
Picture
Det er fryktelege forteljingar, og ei viktig påminning om kor aldeles gale det kan gå når diktatorar får fritt spelerom. Pol Pot var like omsynslaus som Hitler, men medan Hitler kjempa utover på alle frontar, vende Pol Pot seg innover og isolerte sitt eige land frå omverda.

Landet skulle reformerast. Årsrekninga skulle setjast til år null og økonomien skulle baserast på risdyrking. Pol Pot sin visjon var å tredoble produksjonen. For å få til dette, skulle alle jobbe med jordbruk. Dei som hadde akademiske yrke var verdilause om dei no ikkje kunne slite på rismarkane heile dagen.

Ein treng ikkje mykje innsikt i samfunnsstyring og økonomi for å forstå at denne planen hadde eit par manglar. Systemet vart dødsdømt frå starten av, og Raude Khmer vart med åra svekka.

På tampen av 1978 greip Vietnam inn og gjekk til fullskala invasjon av Kambodsja for å ende terroregimet som til då hadde kravd nær ein kvart del av landets befolkning.

Det er nesten ikkje til å tru at alt dette skjedde i «moderne tid», berre tretti år etter verda hadde nedkjempa nazistane. Ein kan aldri vere trygg på at mørke krefter ikkje får overtaket på eit samfunn igjen.


PS! Her er ei kort oppsummering av historia, som ein bør setje av ti minutt til:
Picture
0 Comments



Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss