Haiketur Norge - Tyskland og på loffen i Frankrike og Spania
I 2007 tok eg fly til Kirkenes og haika frå Nordkapp til grensa til Tyskland. Deretter tok eg tog til Frankfurt der eg budde ei veke hos ein kamerat eg møtte i Australia i 2004. Vidare tok eg tog til Paris og Pamplona, der eg deltok i okseløpet.
Eg skreiv ikkje reisebrev på denne turen, men eg har laga ein liten rapport frå okseløpet.

Viva San Fermín!
(Publisert 09/08/07)
Det tradisjonsrike okseløpet i Pamplona har sidan 1924 krevd femten menneskeliv, og tallause har vorte skadd. Likevel strøymer tusenvis av turistar og fastbuande til byen kvart år for å springe saman med oksane og delta i ein av dei største festivalane i Europa.

* * *
Klokka er fire om natta og månen lyser høgt oppe på den spanske himmelen. Ved busstoppen ved campingplassen sju kilometer utanfor bysentrum, sit det allereie fleire menneske og ventar på bussen.
Som dei fleste andre i Pamplona, er dei ikledd kvit skjorte og bukse med raudt belte rundt livet og tørkle rundt halsen. Dei og skal inn til byen for å delta i løpet, eller kanskje berre for å sjå på frå sidelinja.
Kvart år i juli vert byen fylt av titusenvis av turistar. Mange er der berre for å feste hemningslaust i ei veke. Nokre er der for å delta i det berømte okseløpet.
I 1926 gjorde Ernest Hemingway byen med den merkelege tradisjonen verdskjent gjennom novella ”And the Sun Also Rises”. Sidan den gong har folk frå heile verda valfarta til byen for å sjå på galskapen som startar 7. juli og varer heilt fram til 14. juli

Fest døgnet rund
Når bussen kjem, er han full av feststemde folk som er på veg heim for å få nokre timar blund på auget. Under festivalen går festen døgnet rundt. Medan nokre står opp på morgonkvisten, kjem ”kveldsskiftet” heim frå byen.
I bysentrum er det ein samanhengande fest i ei veke. Nettopp difor vel mange av innbyggjarane i byen å forlate byen under festivalen. Bråket og rotet festivalen fører med seg er uhaldbart for dei som ikkje sjølv er med på moroa.
San Fermin kan kanskje sidestillast med Roskilde-festivalen – arrangert midt inne i ein by.
Vel inne i sentrum er det eit pulserande folkeliv. Titusenvis av menneske iført kvitt og raudt, i meir eller mindre rusa tilstand, vandrar rundt i gatene. I byparken har eit hundretalls festløver fått nok og ligg strødd kring om på plenen. Diskoteka er fylde til randen. Musikken dundrar og festen ser ikkje ut til å gje seg sjølv om det snart lysnar.

Gatespyling
Eg finn ei av gatene okseløpet skal passere gjennom og følgjer pilene til enden; tyrefektarstadionen. Skal ein delta i løpet gjeld det å vere tidleg ute. Det er mange som vil vere med, og det er ikkje plass til alle.
Når klokka har passert seks, kjem bilane med gjerda som skal skilje oksane frå publikum køyrane. Ein jobbegjeng set i gang med å montere plankane, og publikum byrjar finne seg sitteplassar for å sjå løpet.
Framleis er gatene fulle av feststemde folk med ølflasker i handa. Ein tankbil med vatn kjem køyrande, og gatene vert effektivt spylt reine for søppel som har hopa seg opp i løpet av natta. Med reine, avsperra gater er det no berre å setje seg ned og vente saman med dei andre som og skal springe.
Klokka sju tennast lyset på stadion på og portane opnast. Ut kjem ein stor flokk tilsette ved stadion iført raude hattar. Dei stiller seg opp i manngard, og systematisk flyttar dei seg støtvis framover og pressar menneskemengda bakover.

Utestengt!
Eg spør dei om vi får delta i løpet dersom vi står her. Det stadfestar dei med "yes, yes, you can run. Just go to the right, please!”. Letta følgjer eg straumen bakover, saman med alle dei andre i gata. Men på den andre sida av gata kjem det ein gjeng stadionvaktar som pressar oss saman i motsett retning. Dette lovar ikkje godt tenkjer eg, før eg og resten av folkemengda plutseleg befinn oss i ei skita sidegate, utestengt frå okseløpet.
Det er rett og slett for mange med i løpet til at det er forsvarleg, difor vert mange av gatene renska for deltakarar før moroa startar.
Frustrert og irritert vel eg likvel å prøve meg på ”ein spansk ein”. Eg spring nedover langs sidegatene for å hoppe inn att i løypa lenger bak. Etter nokre minutt med sprint gjennom trange, folkefylte gater finn eg meg på square of the Mercado, som etter rykta skal vere ein sikker startplass.

Spent stemning
Som sild i tønne står folk på plassen og ventar. Stemninga er god. Fotografane på balkongane langs husveggane får mange bilete av spente folk i feststemning. Prisen for å leige ein balkongplass ligg på kring hundre Euro.
Når klokka nærmar seg åtte, vert steminga prega av lettare nervøsitet. Sjølv om raketten som markerar starten på løpet ikkje har gått av enno, byrjar folkemengda bevege seg nedover gata. Raskare og raskare går det. Ingen veit heilt kva som skjer, og mange er nervøse.
For å informere deltakarane om kvar oksane befinn seg, går fire rakettar i lufta under løpet. Den første markerer at dørene til oksegarden er opna. Den andre markerer at alle oksane er ute i gata.
Løpet, som berre varer i to-tre minutt, vert avslutta med at oksane spring inn på tyrefektarstadionen i enden av løypa. Då går den tredje raketten i lufta for å signalisere at alle oksane er inne i stadion. Den fjerde og siste går i lufta når alle oksane er trygt bak lås og slå.

Eit halvt tonn okse
Når startskotet først har gått, byrjar panikken raskt spreie seg i mengda. Folk spring framover medan dei kikar seg nervøst over skuldra for å sjå om oksane kjem pesande opp gjennom gata. Plutseleg høyrer eg høge rop og hyl bak meg.
Ein person kledd i kvitt og raudt kjem susande rundt gatehjørnet ved "Dead Man’s Corner" og dundrar i plankeveggen, tett etterfølgt av ein okse som ser ut til å ha mista fotfestet på dei våte brusteinane. Eg tenkjer "stakkars mann", før eg får auge på okseflokken som kjem stormande. Då tenkjer eg "stakkars meg!".
Dei neste sekunda er ganske kaotiske, og tilstanden endrar seg frå lett forvirra jogging til komplett anarki. Folk brøytar seg fram i panikk når dei ser dei seks oksane på 5-600 kilo kome dundrande gjennom den trange gata bak seg. Her rådar den sterkaste sin rett.
Dei fornuftige held seg godt ute ved sidelinja, medan dei dristigaste spring rett framfor oksane. I den trange gata er det ikkje lett å springe frå oksane sjølv om ein er rask til beins. Med hundrevis av menneske på sprang i ei trang gate, er det rift om plassen.
Plutseleg snublar eit par personar framfor meg, og den konstante straumen av folk bak gjer at mange, inkludert meg, snublar over den stakkars personen. Det vert fort ein liten haug av folk midt i vegen, og det er vanskeleg å kome seg på beina att. Heldigvis har dei fleste oksane allereie passert. Eg kjempar meg opp, og legg på sprang etter oksane.

Oksar på villspor
Folk som snublar i løypa er nesten like farleg som sjølve oksane. Noko av det mest dramatiske som kan skje under eit slik løp er når det vert kork i gata så oksane ikkje kjem seg forbi. Må oksane stogge, eller ein okse vert skilt frå flokken, kan det utvikle seg i ei svært farleg retning.
Ein forvirra okse som har vorte separert frå resten av flokken vil ofte gå til åtak på vilkårlege personar i nærleiken. I verste fall kan oksen snu og springe i motsett retning i løypa.
I år hamna ein 24 år gamal nordmann i media sitt søkelys då ein okse snubla og gjekk til åtak på han.
Heldigvis slapp han unna med berre eit kutt i leggen. Stort sett går det relativt bra, men mange menneske har vorte livstrugande skadd eller til og med drept opp gjennom åra. I snitt vert tre prosent av deltakarane i okseløpet påført ei eller anna form for skade.

Moro i stadion
Når oksane har passert, legg folkemengda på sprang etter for å vere med inn på stadion ved enden av løypa. Når oksane kjem inn, vert dei leia trygt inn bak lås og slå. Der ventar dei på at dei skal ofrast i tyrefekting seinare på kvelden. Dette synest eg ikkje noko om, og reiste ikkje for å sjå på det.
Samstundes vert arenaen fylt opp av deltakarar i okseløpet som kjem strøymande inn. Etter at nokre hundre menneske har kome seg inn, vert utgangane stengde. Så vert unge oksar med plasttuppar på horna sleppte lause for å lage leven i menneskemengda, til stor begeistring for publikum.
Etter ein halv time der oksane har fått stange eit titalls turistar i magen, opnast stadionportane så deltakarane får sleppe ut i gatene att.

Opprydding
Utanfor stadion har festen omsider stilna. Klokka er snart ni om morgonen. Gatefeiarane er i full gang med å spyle gatene med vatn og sope opp dei enorme mengdene boss som har fylt sentrum etter nattas fest.
På ei papplate langs ein husvegg ligg ein utsliten mann og søv på gata. Like ved står ein annan og urinerer. Heile bysentrum stinkar. Folk går rundt med tørkle for nasen.
Sola skin frå blå himmel, men nokre av diskoteka er framleis opne. Nokre av festdeltakarane har ikkje lagt seg enno, medan andre er der for å innta morgonpilsen. Det er klart for ein ny dag i Pamplona.