Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

Heite dagar i Kambodsja

5/3/2024

0 Comments

 
Picture
Det første ein merkar når ein kjem ut av flyet i Kambodsja, er den intense varmen og lukta av bål. Det luktar Afrika, seier Kristine.

Landet er røft. Jorda er raud og tørr. Alt er dekt av eit tynt lag med støv. Folk smiler og helser, men få masar.

Få land har ei meir dramatisk og blodig etterkrigshistorie enn kambodsjanarane, men dei er positive og utviklinga går stadig framover.

I fjor haust opna den splitter nye internasjonale flyplassen i Siem Reap, ein time utanfor sentrum. Den er i hovudsak sponsa av kinesarane, til liks med den nye motorvegen inn til sentrum. Kinesarane er ivrige med å sponse infrastruktur i utviklingsland…

Hotellet vi bur på ligg midt i sentrum, men er bygd som ein hestesko rundt eit basseng. Så det er ein liten oase i byen.

Temperaturen ligg på kring 25 grader om natta og 37-38 grader på dagtid, så det er heitt nok her. Basseng og aircondition er heilt naudsynt for å halde ut.

Servicen er, som vi ofte opplever i Kambodsja, i ein klasse for seg.

Kvar gong vi kjem ned til resepsjonen eller inn att etter ha vore ute ein tur, strøymer dei tilsette til med drikkevatn og våte handklutar. Dei bukkar og neier heile tida, og bed om orsaking for alt som potensielt kan vere gale eller kan gå gale ein gong i framtida. For oss som ikkje er van med slik oppvartning, er det nesten litt brysamt med all merksemda.

Kvar kveld spør dei oss kva vi vil ha til frukost neste morgon, og om vi vil ha den servert på romet. Klokka 10 neste dag bankar dei på døra og dekkjer på fukostbord ute på altanen. Etter ein dukkert ved bassenget, kjem vi tilbake til strøkent rom.

Hotellet ligg rett ved «pub street», der det meste av uteliv er samla. Ein av favoritthobbyane våre er å finne ein bar og sitte og sjå på folkelivet. Det er betre underhaldning enn TV å sjå på turistar, lokalbefolkning, seljarar, tuktuk-sjåførar og prostituerte som trakterer gatene.

Sjølv om det er mykje moro, ser vi også skuggesidene. Når borna er gamle nok til å gå, er dei gamle nok til å gå på gata rundt midnatt og selje juggel til turistar eller samle søppel. Kristine, som jobbar i barnevernet, får vondt i hjartet av å sjå dette.
Det er også mange kvite pensjonistar som har usedvanleg godt draget på 20-30 år gamle damer her.

Litt kultur har vi også fått med oss den siste veka. Dei store Angkor-templa har vi besøkt før, så no fann vi på andre ting. Ein kveld var vi på tradisjonelt danseshow med middag. Så var vi i ein park for pensjonerte arbeidselefantar. Den eine var for gamal til å jobbe, medan den andre hadde knekt foten då ho arbeidde med tømmer i skogen. Begge to vart kjøpt fri og plassert i ein park der dei får ete så mykje dei vil og bade heile dagen. Elefantar brukar nesten heile si vakne tid på å ete, så det går med om lag 150 kg frukt og grønt til kvart dyr kvar dag. For å finansiere dette, let dei turistar kome og sjå på og mate elefantane. Det er sjølvsagt diskusjonar om det er hundre prosent etisk å la menneske ta på dyra, men i forhold til så godt som alle andre altenativ desse pensjonistane kunne hatt, må det vere akseptabelt.

Vi har også vore hos ein organisasjon som trenar afrikanske hamsterrotter til å snuse etter TNT som landminer er fylt av. Sidan Kambodsja er eit av verdas mest minelagte land, ligg det enorme mengder att å finne i jorda. Dei tolv rottene som organisasjonen har trent, jobbar mange gongar raskare enn ein metalldetektor. Rottene er for lette til å løyse ut minene, så dei markerer berre kvar dei ligg, så kjem det ei bombegruppe og sprengjer dei.

Ein av dei mest interessante tinga vi har gjort, er å ta ein tuk-tuk-tur med ein kreativ sjåfør som kallar seg «Cowboy». Han har pimpa farkosten sin med stereoanlegg, diskolys og kjøleboks og gjort det til levebrød å køyre folk på uformell safari utanfor byen. Då får vi sjå korleis kvardagslivet er på bygda. Dagen vi passerte, var mange opptekne med hausting av ris. Ved hjelp av ein liten skurtreskar, fylte dei sekkevis av ris på kort tid. Ei stor oppgradering i forhold til det manuelle arbeidet dette vanlegvis er, t.d. i risterrassane i Vietnam. Den industrielle revolusjonen er ikkje ein sjølvfølgje alle plassar.

Cowboyen kunne fjortelje at dei haustar ris tre gongar årleg, med tre månadars mellomrom. Ein tremånadersperiode i regntida står derimot rismarkane under vatn, så då kan dei køyre båt i staden for bil i heile distriktet.

Dette er tredje gongen eg har vore i Kambodsja, som er eitt av mine favorittland. Jamt over er folk smilande og lite masete, livet går litt rolegare her enn i Thailand og det er få plassar ein får meir for pengane. Sjølv om dollarkursen er historisk dårleg for vår del, strekkjer krona seg framleis ganske langt her i austen.

I morgon tidleg skal vi vidare til hovudstaden Phnom Penh, ein seks timars busstur. Der vert vi om lag ei veke før vi reiser tilbake til Thailand og Chiang Mai i nord.
0 Comments



Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss