Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

Strandliv i Slaraffenland

21/2/2024

0 Comments

 
Vi er framleis på øya Ko Phangan, på austsida av Thailand. Dagane går med til å slange seg på stranda, lese bøker og nyte livet. Det er svært varmt, om lag 27-29 grader kvar dag, men heldigvis går det an å kjøle seg i sjøen med jamne mellomrom!

Første veka budde vi på ein bungalow på ein fin resort ved strandkanten. På slike resortar har dei alt ein treng, og dei prøver å få gjestane til å vere der mest mogleg. Alt ein kjøper kan ein sette på rommet, men det er berre å ta seg ein tur ut om ein vil ha variasjon. Ein dag gjekk vi til Thong Sala, som er «hovudstaden» på øya. Det er like underhaldande som TV å sitte på ein gaterbar og sjå på folkelivet. Her gjer folk som dei vil, på godt og vondt. Særleg er det mykje fyllekøyring her. På veg heim såg vi ei dame som låg livlaus på vegen med ein velta skuter ved sida av. Anar ikkje korleis det gjekk, men det kom i alle fall ein ambulansebåt frå naboøya Ko Samui i full fart. Helikopter har dei ikkje her.

Elles er det mykje hippiar her. Både dei som ser ut som dei stranda her ein gong på nittitalet, og unge som sit og mediterar og prøver å finne seg sjølv og den perfekte stranda.
Dei sel marijuana absolutt over alt, og vi har sett meir tatoveringar på to veker her enn på to år heime.

I går sjekka vi ut frå resorten og flytta oss til nordsida av øya, til ei strand som heiter Bottle Beach. Stranda er berre nokre hundre meter lang og ligg klemt mellom klipper på kvar flanke.
Eg var her for tjue år sidan, og ikkje mykje har endra seg sidan den gong. Vegen hit er framleis berre framkomeleg med pickup eller ATV og straumen kjem framle frå eit dieselaggregat som går døgnet rundt. Det er heller ikkje mobildekning her, men dei har ustabil wifi i baren.

Dessverre har dei visst ikkje oppgradert eller halde bungalowane så mykje ved like dei siste tjue åra, så det står litt til forfall. På rommet er alt litt på «halv tolv», med berre ei skranglete vifte på veggen som held oss litt avkjølt om natta. Men det er litt av sjarmen med å bu her. Det er primitivt og heilt i strandkanten. Så må ein berre rekne med kakerlakkar og lause straumleidningar. I det minste er straumen på heile tida no, i motsetnad til i 2004, då han forsvann klokka 22 om kvelden.

I dag var vi på “fjelltur” til eit utkikspunkt eit par hundre meter over stranda. Turen gjekk gjennom jungelen, og det var heitt som berre det. Vi sveitta sikkert ein liter kvar. Men då vi kom opp, var utsikta fenomenal. Knausen var bratt på begge sider, så der var det om å gjere å ikkje snuble. På veg ned kom det ei skikkeleg regnbye, så vi var heilt søkkvåte då vi kom ned. Men det var berre greitt å få kjølt seg ned i tropevarmen.

Snakkast!
0 Comments



Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss