Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

Exit Bangkok

9/2/2024

0 Comments

 
Det er kjekt å vere i Bangkok, men ei veke er meir enn nok. 

Byen er ein smeltedigel av folk. Lokale og utlendingar (farangs), fattige og rike. Det bur om lag dobbelt så mange i Bangkok som i Noreg, og ein stor del av dei er utandørs heile tida. Så det er ganske hektisk i gatene. Det er lydar og lukter, roping, bilar og skuterar over alt. Topp det med 35 varmegrader, gloheit asfalt og ingen vind, så vert det slitsamt for ein kald nordbuar.

Vi budde som vanleg på Khao San Road, den gamle, ruskete backpacker-gata. Dessverre har ho endra seg mykje sidan glansdagane for 20-30 år sidan.

Då det var folketomt under pandmien, vart det lagt nye fliser på gata. Då mista ho mykje av sjarmen. I fjor haust vart det gjort vedtak om at alle dei overhengande reklameskilta måtte fjernast. Mange av dei har hengt der sidan 1990-talet, og var ikoniske for gata. No mista ho sjela si også.

I dag er det stort sett nattklubbar som kjempar om å overdøyve kvarandre. Samstundes har Thailand gått frå totalforbod til frislepp av marijuana. Dermed er det truleg like høg omsetnad av weed som øl.

Vi har vel vorte for gamle til å bu der. 

Uansett ligg Rambuttri Road rett ved sida av Khao San Road, og der er det mykje rolegare. Der kan ein gjere alt det samme som på Khao San, men det er meir chill, med gatemusikantar, store lauvtre over vegen og ingen ekstremt høg teknomusikk. Helsing mann (40).

Neste gong vi skal innom Bangkok, skal vi bu i eit rolegare strøk ved elva.

Uansett, vi har ikkje berre vore på takterrassen og sleika sol ved bassengkanten den siste veka. Vi har også vore på tempeltur til The Golden Mount, som er eit lite tempel på ein fjellknaus midt i byen. Dessverre var sjølve kuppelen under oppussing og kledd i stillas då vi var der, men det var ein fin tur opp. Kristine fekk slå på ein kjempestor gong og var nøgd med dagen. Elles var det som vanleg enormt mykje gullforgylt bling og buddha-figurar over alt.

Ein kveld for vi på thai-boksekamp, som er noko som er noko er har hatt lyst å gjere lenge. Det er ein svært brutal kampsport, der armar og bein, kne og albogar er strategiske våpen. Det var fleire utlendingar med, så det er berre å prøve seg mot thaiane – om ein torer.

Så har vi vore på toppen av Thailands (nest) høgaste bygning, som er 314 meter høg. Til liks med One World Trade Center, har dei gjort det til ein stor turistattraksjon – med rakettheis til toppen. Vi var ikkje dei einaste som ville sjå utsikta, så det var heilt kaotisk på rooftop loungen. Det var berre å stille seg i kø for å ta bilete ut over byen. Å gå på glasgolvet tre hundre meter over bakken, orka vi ikkje stå i kø for.

No har vi fått nok av klamt byliv for ei stund. Så i går tok vi fly til Surat Thani og vidare buss og båt ut til Ko Phangan, ei lita palmeøy på austkysten av Thailand. Her skal vi vere i tre veker, på tre ulike plassar, før vi reiser nordover att.

Natteliv in Bangkok

Daglegliv i Bangkok

Thr Golden Mount

Thaiboksing

Bangkoks (nest) høgaste skyskrapar, og ein til

0 Comments



Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss