Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

30 grader i februar

26/2/2024

0 Comments

 
Picture
Fullmånefesten på Ko Phangan er kjent for å vere ein av verdas største festar. Kvar gong det er fullmåne, samlar fleire titals tusen festløver seg på stranda Haad Rin sør på øya.

I dagane før byrjar det fylle seg opp med folk, og på sjøve dagen kjem det båtlast på båtlast med folk frå fastlandet og Ko Samui for å vere med på galskapen.

Kort sagt går festen ut på å feste på den store, flate stranda frå ettermiddagen til neste morgon. Heile området er fullt av små kioskar som sel bøtter med sprit (buckets), mariuana og hurtigmat.

Sjølv har vi vorte litt for gamle til å vere med på moroa, men vi fann oss ein altan og observerte folkehavet. Det er ei oppleving å sjå på. Fornuftige som vi er, gjekk vi og la oss før klokka var 01, så overgangen til å verte pensjonistar vert lite merkbar.

Vi budde i ein bungalow heilt i enden av stranda, og høyrde at den siste nattklubben stengde stereoen klokka 07.30 om morgonen.

Dagen derpå arbeidde dei lokale thaiane heile dagen med å rydde stranda og pakke saman salsbodane etter gårsdagens moro. Så var kvardagen tilbake - heilt til neste fullmåne.

Elles har dagane gått med til å bade i sjøen og lese bøker på altanen. Haad Rin-stranda er ikkje populær utan grunn. Ho er svært flat og brei, og sjøen er heilt klar og fin. Turkis vatn, kvit strand og blå himmel er ei fin utsikt. Vatnet held også komfortable 28-29 grader.

Siste kvelden var det thai-boksekamp på den lokale stadionen. Det er ein sport som er artig å sjå på sjølv om ein ikkje er sportsinteressert. Her er det lov å bruke både kne og albogar, og sparke motstandaren rett i fjeset. Ikkje heilt ulikt Ørsta sentrum klokka 02 natt til søndag.

No sit vi på flyplassen på Ko Samui og skal ta fly til Bangkok. Der vert vi ei natt, før vi i morgon tek fly til Siem Reap i Kambodsja.
0 Comments



Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss