Jorda rundt med Kjell Arne og Kristine
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss

Ei natt i Bangkok

3/2/2024

0 Comments

 
Endeleg er vi framme i orienten. Det var berre så vidt det gjekk. Måndag morgon fekk eg telefon med spørsmål om eg hadde sjekka vêrvarselet over Strynefjellet. Onsdagen, når vi skulle ta nattbuss frå Volda til Oslo, var det meldt opp i 30 m/s og snøfokk. Så då var det berre å booke om billetten til tysdag kveld snarast råd.
Godt var det at vi gjorde det, for onsdag ettermiddag stengde Strynefjellet.

Etter ei overnatting hos tante Brit i Oslo, sjekka vi inn på Gardermoen med det nye flyselskapet Norse. Dei har starta direkterute mellom Oslo og Bangkok, så vi slapp å mellomlande.

Flyturen gjekk som han skulle, så etter tolv timar landa vi i Thailand. Sidan det var tidleg på morgonen, var vi framme ved hotellet allereie klokka 09, men det gjekk ikkje å sjekke inn før klokka 14… Så då måtte vi stuptrøytte slå ihel fem timar i 30+ grader, i full klesdrakt frå Noreg. Det var litt av ei prøve.

Når vi fekk kome inn på hotellromet, sov vi til klokka 19. Så sovna vi igjen og vakna klokka 03 om natta. Så døgnrytma er no ein plass mellom Thailand og Noreg.

Etter ein betre frukost og ein dukkert i bassenget, er vi no meir opplagt for å utforske byen. Vi vert her ei veke før vi reiser sørover til Ko Phangan. Der vert vi i tre veker før vi reiser til Kambosja.
0 Comments

Your comment will be posted after it is approved.


Leave a Reply.

BLOGG  /  REISER  /  OM OSS
Picture
​Jordarundt.net
2004-2024
  • Blogg
  • Reiser
    • 2024: Brussel
    • 2024: Thailand+Kambodsja
    • 2023: Thailand+Vietnam
    • 2021: Tallinn
    • 2021: Færøyane
    • Shetland
    • 2019: Kaunas
    • 2019: Skottland+Nord-Irland
    • 2018: Thailand+Kambodsja
    • 2017: Svalbard
    • Langtur 2014-2016 >
      • Langtur del II
      • Langtur del III
      • Langtur del IV
    • 2007: Haiketur og okseløp
    • 2004: Backpacking jorda rundt
  • Om oss