Vi er eit par som er glade i å reise ut på tur så ofte vi får tid til det. Til saman har vi vore i kring førti land. Kjell Arne starta med backpacking som 21-åring, medan Kristine har vore både au pair i USA og helsearbeidar i Kenya (sjå eigen blogg).
Etter vi møttes, flytta vi inn i ein seglbåt. Med den segla vi på langtur i to år, har vore seks gongar på Shetland og ein gong til Færøyane. På bryllaupsdagen reiser vi kvart år på blåtur, der vi anna kvart år har ansvar for reisemålet. Om vinteren tek vi gjerne ein månad eller to fri for å reise til sørlegare breiddegrader.
Vi håper bileta og reisebreva kan vere til inspirasjon for andre som likar å reise ut i verda!