Backpackertur 2004
I 2004 pakka eg sekken og reiste eit halvt år på bakcpackertur åleine til Søraust-Asia, Australia og New Zealand.
Eg var 21 år då eg reiste. Her er nokre av reisebreva eg la ut på www.jordarundt.net undervegs.
På denne tida var internett ikkje så vanleg i utlandet, og ein hadde i alle fall ikkje Youtube og nett på mobilane.
OBS! Alle dei gamle reisebreva er ikkje lagt inn enno.
Eg er i live!
Innlagt 21/04 2004 kl 15:21:43 - Khao San Road, Thailand
Eg fekk ikkje sjekke inn paa Heathrow fordi eg ikkje hadde utreisebillett innan 30 dagar. Så vart eg ståandes igjen i passkontrollen fordi eg ikkje hadde gyldig billett. Så kom ikkje bagasjen min som eg sjekka inn i Oslo fram til Bangkok. Så vart eg stoppa i tollen og dei ransaka både meg og sekkane mine. Så vart eg rundtlurt av ei piratdrosje som satt meg av langt i frå der eg skulle!
Slik trudde eg det ville gå.
Men det gjorde det ikkje.
Alt gjekk knirkefritt.
Regelen om at ein må ha utreisebillett innan 30 dagar tek dei visst ikkje så høgtideleg. Paa Heathrow sa dei berre "Thank you. Gates are to the left and up the stairs" då eg sjekka inn.
På flyplassen sat eg og såg på folk og funderte på kven eg håpte eg fekk sitte ved sida av, og kven eg ikkje ville sitte ved sida av. Mange rare skruar ute og reiser.
Superheldig som eg er, var setet ved sida av meg ledig, så eg fekk kjempegod plass til både bein og bagasje!
Flyet var ganske fint, med små TVar i alle seteryggane som viste filmar kontinuerleg, pluss eit kart med smånyttig informasjon om kvar ein var heile tida og kor høgt/fort ein flaug osv. Det er minus 60 grader i 27000 fots høgd. Hm. Temperaturforskjell på 100 grader i forhold til bakken.
Då eg var komen fram, måtte alle stå 20-30 minutt i passkontroll-kø, og måtte levere frå oss eit skjema som vi hadde fylt ut på flyet. Eg slapp ikkje inn uten å oppgi ei kontaktadresse i Thailand, noko eg ikkje hadde. Heldigvis hugsa eg eit hotell som eg hadde lest om i Lonely Planet og skreiv berre inn det. Virkar ikkje som dei bryr seg noko særleg akkurat.
Utanfor var det ikkje noko problem å få taxi. Det var ei kø bort til ein liten kiosk der dei hadde eit fint system. Alle dei statlege taxiane køyrde fram der, og så fylte dei ut eit lite skjema i kiosken som taxisjåføren fekk halve av og eg fekk den andre halve. Så i tilfelle taxisjåføren prøvde å lure meg undervegs, kunne eg berre fylle ut skjemaet på lappen og sende inn, så fekk sjåføren trøbbel.
Men han var grei han. Køyrde til Khao San Road for 260 Baht (52 kroner). Det var over 3 mil.
Vel inne på Khao San Road gjekk eg til det første og beste hotellet eg fann (som var det eg hadde skrive på immigrasjonsskjemaet mitt, så eg er her faktisk lovleg). Dei hadde berre dobbelt-rom med aircondition ledig, og det kosta 480 Baht (ca 97 kr). Men rik som eg, er slo eg til likevel. Det var ganske fint eigentleg. Midt i Khao San Road, med vakt i inngangen og stor resepsjon.
Temperaturen her er forresten ikkje så gale som eg hadde forventa. Det er omtrent som å vere i ei badstove med aircondition, evt. som å føne seg i ansiktet. Luftfuktigheita er heller ikkje så gala, men ein vert fort sveitt.
Heile Khao San Road er full av backpackerar. Eg vil tru 50% av folka her er utlendingar, og den andre halvparten er thaiar som prøver å selge ting og få oss til å bu på hotella deira.
Det er ein ting eg tykkjer er litt rart her. Alle selg ting på gata, men det finst ikkje ei einaste søppelkorg her! Eg kjøpte meg ein colaboks til 3 kroner, men etter eg hadde drukke den opp var det umogleg å verte kvitt den. Snodige thaiar.
Ellers går det berre bra, og eg er sikkert den bleikaste fyren i distriktet.
Følg med på jordarundt.net i tida framover for fleire eksklusive reisebrev!
PS: Kjøp Møre-Nytt. Dei ringde og intervjua meg på Gardermoen før eg for.
-Onkel reisande Kjell.