Hovden – Oslo – München – Bangkok – Hanoi – Ha Long Bay – Hanoi – Mu Cang Chai – Hanoi – Da Nang – Hoi An – Phu Quoc – Saigon – Bangkok – Oslo – Bergen
Củ Chi-tunnelane utanfor Ho Chi Minh City
Bangkok / Khao San Road, Thailand
Hanoi, Vietnam
Ha Long Bay, Vietnam
Mu Cang Chai, Vietnam
18. mars 2023
Mu Cang Chai. Eit distrikt 1000 meter oppe i fjella, der dei dyrkar ris i terrasser. Dessverre litt tidleg i sesongen, så dei har ikkje kome heilt i gong med plantinga enno. Dei fleste terrassene er framleis tørre og ligg brakk. Men likevel litt av eit syn. Her lever dei ekstremt enkelt og fredeleg. Kontrasten til kaotiske Hanoi kunne ikkje vore større.
Da Nang / Ba Na Hills, Vietnam
13. mars 2023
Etter nokre rolege dagar i fjellandsbyen i Mu Cang Chai reiste vi tilbake til Hanoi. Bussen var ein av desse rare liggebussane dei har her, som er noko ukomfortabelt. Etter ni timar i horisontalen, var vi tilbake i storbyen.
Det vart berre ei kort overnatting her, før vi tok fly sørover til Da Nang (uaktuelt med 12-14 timar til i buss). Endeleg fekk vi litt sol og strandliv ved sjøen. Da Nang er ein ferieby, og var også den første plassen amerikanarane kom i land då dei invaderte Vietnam på 1960-talet. I dag er byen prega av resortar, restaurantar og høge hotell-skyskraparar. Ser nesten ut som eit vietnamesisk Miami.
Eit stykke utanfor byen ligg ein av dei raraste turistattraksjonane vi har sett. 1500 meter oppe i fjella har fornøyelsespark-kjeda Sunworld bygd ein park som er ulikt alt anna. Eller rettare sagt: Den er likt ganske mykje. Her har dei nemleg bygd piratkopiar av europeiske byar! Du kan vandre rundt i franske og tyske gater og besøke små butikkar og restaurantar, som om du var i Europa. Det heile er ganske absurd. Du kan til og med besøke ein kopi av ei fransk kyrkje.
Parken, som heiter Ba Na Hills, har også ei svært kjent bru, Golden Bridge. Brua vert halde oppe av to store hender. Det ser ut som dei er laga av stein, men det er sjølvsagt hønsenetting, glasfiber og gråmåling. Imponerande er det uansett. Dessverre var det graut-tjukk skodde då vi var der, så det var vanskeleg nok å sjå våre eigne hender - langt mindre dei store bru-hendene.
Navigasjon i parken var heller ikkje lett, då skodda låg så tjukt i dei europeiske byane at vi nesten måtte ha radar for å finne fram. Det letta i ti minutt så vi fekk knipsa nokre bilete, før skodda kom tilbake. Å legge ein slik park i 1500 meters høgd er nok ikkje det luraste, sidan det fort vert skodde i fjella når det er fuktig ute. For å kome opp, må ein ta ein 5,7 kilometer lang gondolbane. Visstnok verdas lengste av sitt slag. Ikkje nok med det: Dei har bygd fleire parallelle baner til topps!
Eit annan grandios konstruksjon i Da Nang er dragebrua. I staden for å byggje ei kjedeleg bru over Hàn-elva, har dei forma henne som ein lang drage som buktar seg frå eine bredden til den andre, opplyst med farga lys om kvelden. Ikkje nok med det: kvar laurdag og søndag klokka 21 sprutar dragehovudet både flammar og vatn over motorvegen. Det er eit show som samlar tusenvis av menneske kvar helg.
I morgon tek vi turen til nabobyen Hoi An, som skal vere svært vakker og historisk. Byen ligg berre tre kvarter unna, så det vert taxi dit. Dei har forøvrig eit svært bra system her, med ein app som heiter Grab. Då tastar ein berre inn kvar ein skal på mobilen sin, så kjem ein skuter eller ein bil køyrande innan få minutt. Betalinga er avtalt på førehand og vert trekt frå visakortet, så ein treng ikkje forhandle, prute eller verte svindla - og sjåføren veit nøyaktig kvar han skal.