This page contains the posts from Facebook during our journey to the Caribbean and back in 2014 to 2016
Asorane!
I dag tidleg kom vi trygt fram til Flores, den vestlegaste øya i Asorane-øygruppa, etter 15 døgn til havs.
Vi reiste ut frå New York den 30. mai i strålande sol og fin vind. Men gleda var kortvarig, då vinden døydde nesten med det same vi kom ut i ope hav. Etter eit par dagar for motor i stilla, viste vêrkartet at det var så godt som ingen vind i vente dei komande tre-fire døgna heller. Vi valde difor å gå nordover til næraste land (Cape Cod) og ankre i Hyannis i påvente av meir vind.
Søndag 5. juni gjekk vi ut i havet att, med kurs rett aust mot Europa. Første natta segla vi rett inn i ein kuling med lyn og tore, pøsregn og høge bølgjer. Vi greidde oss godt gjennom den, men vart våte til skinnet.
Måndagen var det igjen så stille at vi måtte gå for motor, men dei neste dagane var det meldt frisk bris til liten kuling rett frå vest.
Det første som skjedde tysdag morgon, var at ein sjakkel i toppen av masta rauk med eit smell. Sjakkelen heldt oppe genoaen. Utan støtte i toppen, fall seglet ned om lag ein meter på profilen og vart heilt ubrukeleg. For å erstatte sjakkelen, måtte heile seglet ned på dekk, noko som berre kan gjerast i stille vêr. Men det bles opp, i tillegg til at vi møtte nokre svært store bølgjer frå ein tidlegare storm i området.
For berre reva storsegl vart vi løfta høgt opp på bølgjetoppane, og surfa ned att i full fart på andre sida. Vinden auka stadig, og bølgjehøgda likeeins. Som om det ikkje var nok, kom bølgjene inn frå to ulike retningar. Vi følte etter kvart at vi mista kontrollen over båten. Emma vart lita mellom dei store bølgjene, og styringa vart stadig meir krevjande. Då ein brottsjø slo over båten, var det nok. Bølgja slo laust eit solcellepanel, flaggstonga med flagg knakk og reiste over bord, eit vindauge i sprayhooden vart slått inn, og diverse lausøyre i cockpit for over bord. Vi fann det best å slengje ut eit drivanker i hekken, skalke lukene og vente under dekk til vêret roa seg.
Det vart ei uroleg natt med mykje slag og rulling. Vi må innrømme at vi alle var ganske redde på dette tidspunktet. Men båten takla det fint, og truleg var det ikkje noka stor fare for korkje liv eller båt. Det var mest ukomfortabelt. Neste morgon hadde bølgjer og vind roa seg noko, og vi gjekk for motor rett med bølgjene. Å segle med berre storsegl vart for krevjande i den friske vinden og rotete sjøen. Over ei svær bølgje sette Emma ny fartsrekord: 18,4 knop i surfen! Vi har altså litt av ein speedbåt.
Dei komande dagane roa vinden seg, men bølgjene var framleis ruskete og høge. Ei natt vi segla for storsegl med to rev, heldt vi ei snittfart på 8,2 knop over seks timar samanhengande. Det er høg fart for vår overlasta cruising-seglbåt.
Søndag morgon roa vinden og bølgjene seg så mykje at vi endeleg kunne få gjort noko med den skadeskotne genoaen. Etter ein tur til topps i masta, fekk vi ned segl og trommel. Ny sjakkel kunne koplast på plass, og genoaen stod nok ein gong som han skulle.
Denne dagen var vi også halvvegs frå New York. Og for ein dag det vart! Strålande solskin, nesten flatt hav og ingen vind. Vi opna ei flaske champagne og kosa oss i cockpiten medan vi putra austover for motor. Ut over kvelden tok vinden seg opp att, så vi fekk rulla ut genoaen.
Dei komande fire døgna surfa vi på ein lågtrykkfront austover. Jamt over hadde vi frisk bris til liten kuling og om lag tre meter bølgjer rett frå sør, altså rett i sida. Båten heldt god fart, men krengja og gynga så mykje i bølgjene at det var uråd å gjere noko praktisk om bord. Fellesaktivitetar strekte seg til raske måltid. Elles låg vi i lugarane og leste bøker dag ut og dag inn. Vi var aldri ute i cockpit, då bølgjene stadig slo over båten. Det vart nesten tilløp til brakkesjuke om bord.
Først dei siste døgna inn mot øya Flores hadde vi nærast perfekt seglvêr, med ein lett bris aktenfor tvers og små bølgjer. Emma gjekk jamt over i seks knop utan særleg krenging eller gynging. Så vi kunne endeleg slappe av ute i cockpit eller i salongen. Pizzabaking og nokre glas vin vart det og tid til.
Undervegs har vi køyrt tretimarsvakter, med seks timar fri mellom kvar vakt. Det er lite trafikk ute på Atlanterhavet, så vaktane har stort sett gått med til å lese bøker og filosofere. Segla har stått av seg sjølv, og autopiloten har styrt heilt sidan New York. Vi har AIS-transceiver med antikollisjonsalarm, så om eit skip har kome i nærleiken, har vi fått melding om det. AIS er lurt å ha på langtur. Vi såg fleire gongar at møtande lasteskip la om kursen i god tid når dei fekk auge på oss. Fritidsbåtar såg vi ikkje på heile turen, men vi møtte mellom 20 og 30 lasteskip på veg mellom Europa og USA.
Vi har ikkje brukt flytevestar undervegs. Det er ikkje noko poeng til havs. I staden har sikkerheitslinene vore på når bølgjene har vore store. Det er mange festepunkt i cockpit. Skal ein fram på dekk, skal lina på. Er ein åleine på nattevakt, skal lina på. Elles har alle gjort eigne vurderingar om kva som er naudsynt.
Seglteknisk har det vore ein enkel tur. Vi har brukt storsegl og genoa heile vegen, enten kvar for seg eller i kombinasjon. Vindretninga har vore stabil. Vi har korkje slått eller jibba (frivillig) ein einaste gong på over to veker. Dei gongane vinden har endra retning, har han først stilna så mykje at vi har gått for motor ei stund før vi kunne ta opp att segla på motsett side. Stort sett har vi hatt oppe storsegl med to rev i, og justert farta ved å rulle inn og ut på genoaen. Dette er ein enkel operasjon som tek om lag eit halvt minutt. Vi kryssa mot vinden berre første dagen, og vi har ikkje hatt platt lens. Spribommen vart det ikkje bruk for denne gongen. Sist vi segla over Atlanterhavet, stod den montert nesten heile vegen.
Til saman har vi brukt om lag 250 liter diesel. Når vinden har vore så svak at segla berre står og slår, eller vi går under fire knop, startar vi opp jern-genoaen. Å ligge å rulle i store havdønningar er uaktuelt. Det slit hardt på både rigg, segl og moralen om bord. Batteria har trengt mykje lading, då autopilot, kjøleboks, AIS og anna utstyr har brukt 100-150 Ah per døgn. Eit vindror hadde nok vore meir gunsting enn ein hydraulisk autopilot, men vi er godt nøgde med prestasjonen til autopiloten. Han har gått kontinuerleg, og protesterar berre med små grynt om bølgjene vert for høge.
Vi har heile tida halde reknskap over kor mykje diesel vi har om bord og kor langt vi kan gå for motor. På 1500 rpm brukar motoren to liter diesel i timen. Båten held då ei fart på ca. 5 knop. Dette er den mest driftsøkonomiske farta, sjølv om turtalet er noko lågt for motoren si langvarige helse. Totalt hadde vi med 370 liter diesel.
Vi har lasta ned ferske vêrmeldingar via satelittelefon nesten kvar dag (Iridium Axcesspoint + SailGrib på nettbrett). Meldingane har vist seg å stemme overraskande godt. Det er godt å vite kva vêr ein har i vente. Satelittelefonen har også vorte brukt til SMS og e-postkommunikasjon med familiane heime. I tillegg har vi hatt Spot satelittsporing, så folk kan følgje med på kvar vi er. Vi er usikre på om det er lurt å bruke slik sporing, for folk vert raskt uroa om den ikkje fungerer som den skal.
Etter eit par døgn med "rest and recreation" i Flores, seglar vi over til Horta på øya Faial. Horta er den største hamna for langturseglarar på veg over Atlanterhavet. Her skal vi få reparert diverse skader på båten, handle mat og fylle diesel. Rune Sæbønes har vore til god hjelp på overfarten, men no mønstrar han av og tek fly heim til Noreg. Kjell Arne og Kristine seglar vidare til Dublin åleine, ein etappe som truleg vil ta 10-12 døgn.
